Hopp til hovedinnhold

Fleksibel opplæring lever opp til namnet

- Det er mange måtar å gjera seg nytta av ressursane ut frå korleis deira årsplan og timeplan samsvarer med lokale planar. Eg tilrår skular å sjekka ut dette tilbodet. Det er mange gode ressursar i læringspakkane og samarbeidet med nettlærarane er godt.

Elever fleksibel opplæring


Det seier lærar Bjørg Marit Notland ved Stord Ungdomsskule. Elevane der får sanntidsundervisning med samtidig som Bjørg Marit underviser resten av klassen. Slik får heile klassen undervisning i same tema til same tid. 

  

Image
Bjørg- Fleksibel opplæring

- Elles kan eg bruka «Bestill time». Då melder eg inn behov ei veke i forkant til nettlærar med ynskje om tid og detaljert tema.  

  

Dropin er òg ei moglegheit 

Elevane kan bruka dropin når dei øver til ein prøve eller som leksehjelp. Her stiller dei med spørsmål om det dei lurer på og treng ikkje bestilla tid på førehand. Desse timane ligg ofte på slutten av dagen når våre elevar er ferdige med ordinær undervisning, forklarer ho. 

  

Mange ressursar - på nett 

Elevane kan jobba med læringsspakkar, filmar og tekstar på deira morsmål. Dei arbeider med oppgåver som dei sender til nettlærar. Dette kan dei gjera i timane eller som lekse eller repetisjon for seg sjølv. I tekstane er ord frå ordboka markerte slik at elevane kan klikka  på dei og få forklaring. Eg kan òg bruka desse i felles gjennomgang for alle elevane.  Elev eller lærar kan òg skriva ut fokusord for veka. Der er omgrepa både på norsk og på deira morsmål. 

  

- Alle desse ressursane gjer at lærar blir frigjort til dei elevane som ikkje kan delta  i FO og ser at alle får større moglegheit til å nå kompetansemåla. Før Fleksibel opplæring,  var omgrepslæring vanskeleg for desse elevane. Ein ting var å kunna omgrepa/orda, men innhaldet i dei kunna vera blankt. Når mine elevar kom i ordinær klasse, låg mange av dei langt bak dei andre i klassen.