Hopp til hovedinnhold

Fleksibel opplæring på ukrainsk

Fleksibel opplæring er eit tilbod til elevar som har rett til særskild språkopplæring etter § 2-8 og § 3-12 i Opplæringsloven, som har behov for tospråkleg opplæring i norsk med samfunnsfag. Det er også eit tilbod for skular som ikkje har lykkast med å få tak i tospråklge lærarar på ukrainsk. Målgruppa er elevar frå 5. -7.trinn, 8. -10. trinn og til elevar som går i vidaregåande opplæring (VGO).

Fleksibel opplæring på ukrainsk er fjernundervisning i norsk med samfunnsfag på ukrainsk gjennom læringsplattforma Digilær. Elevar som deltar får sanntidsundervisning på nett minst 40 minutt i veka, og har tilgang til tospråkleg innhald på læringsplattformen. Målet med tilbodet er at elevane skal lære norsk og samfunnsfag ved bruk av både ukrainsk og norsk. Tilbodet gjeld frå veke 42-51.
 

Skulane må søke om å delta i Fleksibel opplæring, og NAFO tildeler plassar til skular som oppfyller kriteria for deltaking. Under kan du lese meir om inntakskriterium, tekniske krav og prosessen vidare før undervisningsstart. Når ein skule har fått plass i Fleksibel opplæring, er påmeldingen bindande. Det er ein eigendel på 2000 kr per elev. Skuleeigar får tilsendt faktura i løpet av hausten 2022.

Slik kan din skule delta i Fleksibel opplæring

1: Sjekk at desse kriteria er oppfylte:

  • Elevane har fått vedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova (§2-8 eller 3-12).  
  • Elevane har behov for tospråkleg opplæring i norsk med samfunnsfag på ukrainsk. 
  • Skulen/skuleeigar har prøvd å få tak i tospråklege lærarar i ukrainsk utan å lykkast. 
  • Skular som deltar i Fleksibel opplæring, må ha Feide-tilgang. 
  • Alle elevar må ha tilgang til datamaskin eller nettbrett med kamera og hodetelefonar med mikrofon. 

2. Sett deg inn i forutsetningane for å lykkast med Fleksibel opplæring:

  • Skuleleiar må sjå til at det tekniske forarbeidet er på plass før undervisninga startar i veke 42.
  • Skuleleiar må leggje til rette for samarbeid mellom lærarane ved skulen og nettlærarane. Samarbeidet mellom lokal lærar og nettlærarar er avgjerande for utbyttet til elevane.
  • Elevane får best læringsutbytte på skuler der innhaldet i Fleksibel opplæring blir sett i samanheng med anna undervisning.
  • Tilrettelegging og organisering av tilbodet lokalt er ein suksessfaktor. Det betyr at eleven har tilgang på utstyr, ein stad å sitje og ein lærar som følg elevane opp både under og etter sanntidsundervisninga.

3. Søk om opptak i Fleksibel opplæring

4. Start den tekniske tilrettelegginga med ein gong dei har fått beskjed om at dei har fått plass. 

  • Om skuleeigar ikkje har brukt Digilær.no tidlegare, må dei inngå avtale med Utdanningsdirektoratet. Last ned databehandlaravtale frå kunde.feide.no og send til post@udir.no eller signer databehandlaravtalen digitalt. Opn opp for Digilær.no i Feide-katalogen på kunde.feide.no.
  • Få rettar til å fylle ut påmeldingsskjema i Altinn. Tilgangsstyrar for dette er som regel kommunedirektør, kommuneleiar eller dagleg leiar. Les korleis du går fram for å få rett til å fylle ut skjemaet.

5. Registrering, samtykke og bekrefting i Altinn før undervisning i uke 42.

  • Det er viktig at føresette og elevar blir informerte om kva deltaking i Fleksibel opplæring inneber. Altinn blir brukt til påmelding av elevar, innhenting av samtykke og registrering av betalingsopplysningar.
  • Logg inn på Altinn og fyll ut skjemaet "Digilær påmelding og samtykke" og send det inn.
  • Elevar og føresette som ikkje har tilgang til Altinn kan signere lokalt hos skulen. Det må markerast med "Lokalt samtykke". Skulen har då ansvar for å innhente og ta vare på dette.
  • Elevar over 18 år og føresette som har fødselsnummer får tilsendt samtykkeskjemaet frå Altinn digitalt.
  • Altinn bekreftar at skjemaet er sendt inn. Frå no av vil informasjonen komme frå NAFO.