Grunnleggjande norsk
Tospråkleg opplæring i grunnleggjande norsk på ukrainsk er eit tilbod til elevar på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og i den vidaregåande opplæringa som har lite eller ingen kjennskap til norsk frå før.
Målgruppe
Målgruppa for tilbodet er elevar i grunnskulen på 5.–7. trinn og 8.–10. trinn. I tillegg elevar i vidaregåande opplæring som har rett til særskild språkopplæring og som har behov for tospråkleg opplæring i grunnleggjande norsk. Det er ei ordning for skular som ikkje har hatt lukke med å få tak i tospråklege lærare på ukrainsk.
Organisering og omfang
Undervisninga startar i veke 37 og går over 12 veker (til og med veke 50). Det vil være høstferie/planleggingsveke i veke 40 og 41.
Elevane som deltar, vil få tilgang til tospråkleg innhald på læringsplattformen digilær.no, og nettundervisning med ein tospråkleg nettlærer. Elevane får ei fast undervisningsøkt på 45 minutter i veka med sin nettlærar. NAFO tildeler faste tidspunkter for undervisning, og vil prøve, så langt det går, å ta omsyn til korleis tidspunkt som passar for skulane. Skulane melder inn kva tidspunkt som passar i påmeldingsskjemaet.
Undervisningsmodell: Omvendt undervisning
Undervisninga følg ein temaplan, og innhaldet i plattformen er delt inn i tilsvarande tema. Før undervisningsøkta må elevane gå gjennom innhaldet og lære vokabularet knytt til temaet for å kunne følgje undervisninga som blir gitt. Læraren ved den lokale skulen må sørgje for at det blir sett av tid til at elevane får forberede seg, og følgje opp elevane sine både i forkant og etterkant av nettundervisninga.
Pris
Pris for å delta er 2500 kr per elev.
Søk om opptak
Søknad om deltaking i Fleksibel opplæring blir sendt digitalt via nettskjema. Dei vil bli behandlet av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Søknadsfristen for å delta hausten 2023 er 16. august. Les kriterier for deltakelse og gå til søknadsskjema.
Les meir om Fleksibel opplæring på NAFO si heimeside eller ta kontakt med oss på nafo-fo@oslomet.no.