Hopp til hovedinnhold

Ofte stilte spørsmål

Digilær.no er ei nasjonal plattform for nettundervisning med nettlærarar. Det er Utdanningsdirektoratet som eig og driftar plattformen. Innhaldet på Digilær.no blir levert av fleire tilbydarar som Utdanningsdirektoratet har avtale med. 

Korleis føregår undervisninga?

Undervisning og kommunikasjon 
Undervisninga følgjer skuleåret. I Digilær.no kan elevar og nettlærarar kommunisere gjennom meldingstenesta. Individuell tilbakemelding på elevarbeid vil også foreligge i Digilær.no. Det leggast opp til at elevar kan arbeide asynkront (individuelt og i eget tempo, når det passar eleven sjølv) og synkront (samarbeid med andre elevar og i sanntid saman med nettlærarar og medelevar) i Digilær.no.

Sanntidsøkter
Sanntidsøkter i Digilær.no føregår i programmet Adobe Connect. Nettlærarane lagar eigne virtuelle klasserom i Adobe Connect som dei delar med elevane sine. For å bruke Adobe Connect-klasserommet er det nødvendig med:   
  

1. Best mogleg internettlinje.
2. PC med webkamera (helst). Det er òg mogleg å ha webkamera i tillegg.
3. Headset med mikrofon. (Helst med USB-tilkobling fordi ein då oppnår best mogleg lyd og minst mogleg forstyrringar for dei andre i klasserommet.).

Kan nettbrett og iPad nyttast?

Alle nyare datamaskiner kan nyttast i Digilær.no.  

Oppmodingar for elev

Vi anbefaler elevane å ha ei eiga oppdatert datamaskin i eigna arbeidsmiljø. Arbeid på digitale flater krev god oppløysing og ein funksjonell storleik på skjermen. Digilær.no anbefaler å nytte datamaskin med eksternt tastatur og mus framfor håndholdte einingar. Datamaskina skal vere utstyrt med programvare, nettlesar og tilhøyrande programvare for tilbodet som eleven følgjer på digilær.no. Webkamera er òg nødvendig å ha, og dessutan hodetelefoner med mikrofon. USB-enheter er å føretrekke. 
 

Nettbrett med operativsystemene iOS og Chroomebooks fungerer òg på digilær.no. På desse einingane (iOS og Chroomebooks) har ikkje elevane moglegheit til å dele skjermen sin. 
 

Ved å aktivisere maskintesten blir det starta ein sjekk om maskina di oppfyller tekniske krav, og om internettsambandet ditt er tilstrekkeleg.  

Av og til får vi tilbakemeldingar om problem ved bruk av enkelte applikasjonar eller nettlesarar. Ved å oppdatere programvara/applikasjonen eller nettlesaren vil problemet som oftast bli løyst. Det kan vere lurt å prøve ulike nettlesarar òg. Om feilen held fram, er det fint om du sender ein mail til digilaer@udir.no.

Kva kostar undervisningstilboda?

For tilbodet teoretisk matematikk 1T må skulen dekke ein eigendel per elev som skulen melder på. Kontaktpersonen til skulen må derfor avklare kostnaden med leiinga på skulen før påmelding. Eigendelen er eit eingongsbeløp som ikkje blir tilbakeført dersom eleven sluttar undervegs i skuleåret. 

For skuleåret 2024-2025 er eigendelen sett til: 

  • Early bird frå 20.03-17.04: 1600 kr i eigenbetaling.
  • Vanlig pris frå 18.04-21.06: 2600 kr i eigenbetaling. 

Påmelding for skuleåret 2024-2025 opnar 20.03.24. 


Fleksibel opplæring har ein eigendel på 3500 kr per elev for skuleåret 2023-2024.


Faktura vil bli sendt til skulen etter oppstart.

Får alle elevar plass i tilboda?
Tospråklig fagopplæring

Fleksibel opplæring tilbyr tospråklig fagopplæring i norsk på to nivåer og matematikk med støtte i ukrainsk. I tillegg tilbyr Fleksibel opplæring i matematikk, naturfag og engelsk med støtte i språkene arabisk, tigrinja og somali. 

 

Forsering matematikk 1T

Elevar som melder seg på før ordinær påmeldingsfrist går ut, får plass i tilbodet. Føresetnaden er at eleven sin skule har akseptert vilkåra for deltaking og at eleven er i målgruppa.

Elevar som blir melde på etter utgått frist blir sett på venteliste, og kan få plass dersom nokon fell frå fram mot skulestart i månedskiftet august/september. Kvart skuleår har vi i utgangspunktet 320 plassar i forsering teoretisk matematikk 1T.

Korleis varslar eg om uønska hendingar og mobbing?

Alle elever har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Ingen elevar skal oppleve mobbing, krenkingar eller andre uønska hendingar.

Vi ynskjer å avdekke mobbing og uønska hendingar raskt. Dersom du opplever eller veit om nokre elevar som blir utsett for mobbing eller krenkande åtferd, bør du melde frå om det til nettskulen du er elev hos umiddelbart. Du kan bruke varselknappen «Meld frå om mobbing» som du finn på nettskulen si kursside. Du vil då bli ført vidare til eit elektronisk skjema der du skriv inn kven som meld frå om mobbing, kven som opplever mobbing, og kva som føregår.


Alle opplysningar blir behandla konfidensielt. Nettskulen vil ta tak i saken innan ei veke og lage ein skriftleg plan for korleis dei  kan hjelpe dei som ikkje har det bra på nettskulen.

Korleis kan eg kontakte nettskulen min?

Ved ynskje om kontakt med/support frå nettskulen din kan du sende e-post til følgande adresse: 

Fleksibel opplæring: nafo@oslomet.no
Teoretisk matematikk 1T Nordland: dvmsupport@nfk.no
Teoretisk matematikk 1T Vestfold:  nettskolesupport@vtfk.no

Image
Matematikk lite bilde

 

Kor vanskeleg er teoretisk matematikk 1T?

Forsering teoretisk mateamatikk 1T er eit tilbod for høgt presterande ungdomsskuleelevar, eller elevar med stort læringspotensial, som ynskjer faglege utfordringar ut over ungdomsskulenivå. 1T opplevast av dei fleste som utfordrande. Det faglege nivået og tempoet er høgare enn det ein er vant med frå ungdomsskulen. Våre erfaringar er at ein bør ha karakteren 6 (eller ein sterk 5ar) i standpunkt, og at ein befinn seg på dette nivået utan alt for store anstrengingar. I tillegg må ein vere motivert for å jobbe ein del åleine. Det er ein fordel om du har nokre timar ekstra ledig kvar veke.

Vi anbefalar å setje av minst 4 (klokke-) timar per veke: To timar til arbeid med leksjonar og oppgåver, og to timar til nett-timane. Det er viktig å hugse at forsering teoretisk matematikk 1T er eit omfattande og krevjande fag som kjem i tillegg til dei andre faga på ungdomsskulen. Det vil difor vere ein stor fordel om ein allereie har nådd kompetansemåla for matematikk på ungdomstrinnet før ein byrjar med 1T.

Korleis føregår eksamen?

Elevar som er meldt opp til teoretisk matematikk 1T skal vere med i eksamenstrekket både når det gjeld skriftleg og munnleg eksamen i faget. Det er nettskulane, det vil seie Nettskulen i Nordland og Nettskulen Vestfold, som har ansvaret for å gjennomføre trekket. Skriftleg eksamen skal gjennomførast på ein vidaregåande skule i fylket til eleven. Det er nettskulane som opprettar eit samarbeid med ein aktuell vidaregåande skule i nærleiken av skulen til eleven.


All informasjon om eksamen (for aktuelle elevar som blir trekt ut), vil komme frå nettskulen eleven er tilknytta, og dessutan den vidaregåande skulen der eksamen skal gjennomførast. Det einaste ungdomsskulen deira må gjere, er å sørge for at elevane som blir trekte ut, er tilgjengeleg for å motta all nødvendig informasjon. I tillegg er det fint om ungdomsskulen kan bistå med kontakt mellom elev, ungdomsskule og den vidaregåande skulen der eleven skal gjennomføre eksamen. Det kan til dømes gjelde praktiske ting som skyss, bruk av PC og liknande.

Kan eg fortsette med forsering?

Mange vidaregåande skular tilbyr vidare forsering for elevar som er ferdige med 1T. Det finst òg nettskular som tilbyr vidare forsering. Eleven kan òg velje å ta faget på nytt til dømes for å forbetre karakteren.

 

For fleire opplysningar kan du lese Utdanningsdirektoratet si regelverkstolking.

Får eg bruke timar frå andre fag til forseringa? 

Det er mogleg å omdisponere timane frå valgfag/programfag på ungdomstrinnet, eller bruke 60% av timane i faget utdanningsval for å ta teoretisk matematikk 1T. Det er den lokale ungdomsskulen som avgjer om eleven kan nytte denne moglegheita. 

Kva blir krevd av skulen/skuleeigar før påmelding til 1T?

1. Enkeltvedtak: For at ein elev skal kunne delta i teoretisk matematikk 1T, må det blir gjort eit enkeltvedtak i henhald til §1-15 i forskrift til opplæringslova (sjå vedlagt «Mal for enkeltvedtak» nedanfor). Vedtaket gir elevar moglegheita å følgje faget på vidaregåande skule. Det er skuleeigar som gjer enkeltvedtaket, som må godkjennast av eleven sine føresette. Deretter vil eleven bli tatt opp som elev i teoretisk matematikk 1T ved ein vidaregåande skule.
 

2. IKT infrastruktur og support: Elevane treng moderne og oppdatert utstyr, god breibandkapasitet og tilgong på lokal IKT-support. Dei må ha tilgang til kvar si datamaskin med webkamera og USB-hodetelefon med mikrofon. Datamaskinane må vere utstyrt med kontorstøtteprogramvare (MS-Office eller OpenOffice), nettlesarar av nyare dato og GeoGebra versjon 6.
 

3. Praktisk tilrettelegging og kommunikasjon: Undervisninga krev ein god dialog mellom deltakande ungdomsskular, den ansvarlege vidaregåande skulen og administrasjonen i Digilær.no. Ungdomsskulen må òg sørge for forsvarleg gjennomføring av prøvar og eventuell eksamen.

 

Image
Matematikk lite bilde

 

Kva er fleksibel opplæring?

Fleksibel opplæring er eit tilbod til elevar (og deltakarar) med kort botid i Noreg som på grunn av avgrensa norskkunnskapar ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga. Desse elevane kan ha rett til tospråklig opplæring etter § 2-8 og § 3-12 i opplæringslova. Målgruppa for Fleksibel opplæring er elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring (til dømes innføringstilbod eller kombinasjonsklassar) og deltakarar i voksenopplæringen med behov for språkleg tilrettelegging og tilpassa opplæring.

 

Fleksibel opplæring tilbyr tospråkleg fagopplæring på språka arabisk, somali og tigrinja i faga matematikk og naturfag på ungdomsskulenivå. Fleksibel opplæring har som mål å hjelpe skular/kommunar med å oppfylle retten elevane har til tospråkleg opplæring der det ikkje har lykkast med å få tak i tospråklege lærarar. Dette gjeld til dømes i små kommunar i distrikta der det er få elevar som har behov for tospråkleg opplæring. Frå hausten 2020 gikk Fleksibel opplæring frå å vere ei forsøksordning til å bli ei varig ordning med 300 elevplassar.

Kven kan delta i Fleksibel opplæring?

Innhaldet i undervisninga i Fleksibel opplæring følgjer læreplanane til 8.-10. trinn. Målgruppa er elevar på ungdomstrinnet, vidaregåande og deltakarar i grunnskule for vaksne. Tilbodet eignar seg både for elevar i ordinær opplæring, innføringstilbod eller kombinasjonsklassar som har behov for opplæring på dette nivået.

Korleis lykkast med FO?

Samarbeid mellom stadleg lærar og nettlærar er ein føresetnad for eit godt tilbod til elevane. I tillegg er det viktig med eit samarbeid rundt elevgruppa internt på skulen med forankring hos leiinga. Elevane får best læringsutbytte på skular der årsplanen og innhaldet i Fleksibel opplæring blir sett i samanheng med annan undervisning. Tilrettelegging og organisering av tilbodet lokalt er ein suksessfaktor. Det inneber at eleven har tilgang på utstyr, ein stad å sitje og at ein lærar følgjer opp eleven både under og etter sanntidsundervisninga.

Er det krav til samarbeid i FO?
  • Kvar skule får inntil tre faste undervisningsøkter per veke for elevane sine i både matematikk og naturfag. 
  • Læraren/skulen må legge til rette for at elevane deltar i sine faste undervisningsøkter gjennom heile skuleåret.
  • Lærarare på skulen har ansvar for å samtale med elevane på norsk om emnet dei har vorte underviste i etter nettundervisninga.
  • Skuleleiar må legge til rette for samarbeid mellom lærarane ved skulen og nettlærarane.
 
Image
Matematikk lite bilde
Kor finn eg læringsinnhaldet til DVM-U og DVM-Pluss?

DVM-1T er vidareført på permanent basis. DVM-U og DVM-Pluss blir ikkje vidareført. Utdanningsdirektoratet har tilgjengeleggjort læringsaktivitetane i dei to tilboda slik at skuler og andre kan ta dei i bruk. 

 

Fil
DVM-Pluss.mbz (46.34 MB)
Fil
DVM-U.mbz (218.95 MB)
Image
Matematikk lite bilde

 

Eg får ikkje starta Adobe Connect på PCen min

Sjekk at PC-en din ikkje er stilt inn til å berre godta programvare frå Microsoft Store:

  1. Åpne Kontrollpanel og deretter "Innstillinger" på din PC.
  2. Velg "Apps & features" og sjekk at du kan laste ned programvare frå kvar som helst:
    Image
    Innstillinger
  3. Om du ikkje får lov til å endre innstillinga må du snakke med din IT-ansvarlige og få hjelp av ho eller han.