Hopp til hovedinnhold

Tospråkleg fagopplæring steg for steg

Kommune/skuleeigar må fatte eit vedtak om rett til særskild språkopplæring og søke om deltaking på Fleksibel opplæring. Elevar, og føresette for elevar under 18 år, må samtykke til undervisning på Digilær.no

Image
Slik gjør du det påmelding
1. Kriterium for deltaking
  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal ha vedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova (jf. §§ 2-8 eller 3-12). 
  • For vaksenopplæringa kan Fleksibel opplæring vere eit ledd i den språklege tilrettelegginga, og den tilpassa opplæringa for deltakarar som har behov for det. 
  • Skulen/skuleeigar må ha prøvd å få tak i tospråklege lærarar i eitt eller fleire av språka arabisk, somali, tigrinja eller ukrainsk. Skulen kan berre melde på elevar i dei språka der dei ikkje har tospråklege lærarar. 
  • Skulen må ha FEIDE-tilgong. 
  • Skulen må sørgje for at alle elevane har tilgang til kvar si datamaskin eller nettbrett med kamera, og hovudtelefonar med mikrofon. Dette må vere på plass til skulestart. 
  • Skulane må køyre maskintest på dei digitale einingane til elevane gjennom nettverket elevane bruker. I tillegg må skulane teste at maskina kan køyre programmet for videoundervisning. Det er nødvendig for å oppfylle minstekrava for deltaking i sanntidsundervisning.
2. Feide og databehandlaravtale

For å delta må skuleeigar:

3. Fyll ut søknadsskjema

Lenke til søknadsskjema ligg på NAFO sine sider om Fleksibel opplæring. 

4. Registrere elevane i Altinn

Deltaking i nettundervisning i Digilær krev samtykke. Om eleven er under 18 år, er det føresette som samtykkjer. Samtykket blir gitt gjennom Altinn. I den same prosessen blir fakturaopplysningar registrert.  
     

Ein representant med rett til å representere skulen må logge inn i Altinn, og fylle ut skjemaet "Digilær -registrering". Les korleis du går fram for å få rett til å fylle ut skjemaet. Altinn stadfestar at skjemaet er sendt inn. Føresette og elevar over 18 år (med fødselsnummer) får etter registrering tilsendt samtykkeskjemaet til signering digitalt. 
     

Om elevar og føresette ikkje har tilgang til Altinn, må representanten markere for "Lokalt samtykke" i skjemaet. NAFO sender norsk og omsett samtykkeskjema til skulane når skuleplass er stadfesta. Skulen tek ansvar for å innhente og arkivere samtykket. 

Frist for å innhente samtykke og registrere fakturaopplysningar er ved skulestart.

5. Registrere lisens

NAFO sender ut lisens etter inntak. Les meir om korleis ein registrerer lisens på denne sida. 

Test maskina di