Tospråkleg fagopplæring i engelsk på begynnarnivå
Fleksibel opplæring tilbyr tospråkleg fagopplæring i engelsk på begynnarnivå for deltakarar som har arabisk, somali eller tigrinja som morsmål.
Målgruppe
Målgruppa er deltakarar i grunnskule for vaksne. Tilbodet er eit morsmålsstøtta supplement til begynnaropplæringa i engelsk. Sjølv om tilbodet er tilpassa begynnarar i engelsk, kan det også brukast av deltakarar frå vaksenopplæring som vil aktivere bakgrunnskunnskapane sine før dei begynnar med engelskundervisning på eit høgare nivå.
Organisering og omfang
Engelsk på begynnarnivå består av tospråkleg fagopplæring på nett og faginnhald på læringsplattforma Digilær.no. Deltakarane bygger opp eit grunnleggjande ordtilfang og grammatikkunnskapar i engelsk ved å arbeide sjølvstendig med innhaldet på læringsplattforma, i tillegg til å delta i sanntidsundervisning. Fokuset er ord knytt til kvardagslivet.
Deltakarane får tilgang til nettressursar (som tekstar, videoar, oppgåver) og andre ressursar som tospråkleg arbeidshefte, bordspel og liknande. Kurset er tenkt som eit supplement til den ordinære undervisninga i vaksenopplæringa.
For at deltakarane skal få mest mogleg ut av tilbodet er det viktig at læraren ved den lokale skulen hjelper deltakarane sine. Læraren må arbeide med ordtilfang og grammatikk både i forkant og etterkant av nettundervisninga. Deltakarane får best læringsutbytte der årsplanen og innhaldet i engelsk på begynnarnivå sest i samanheng med annan undervisning. Skulane som skal vere med vil få tilsendt årsplanen for engelsk på begynnarnivå i mai/juni.
Deltakarane følger sanntidsundervisning over nett på morsmålet sitt. Kvar skule får tilbod om to faste undervisningsøkter på 45 minutt per veke. Deltakarane får tildelt ein fast nettlærar som følger dei gjennom heile skuleåret.
Pris
Prisen per deltakar for skuleåret 2023/2024 er 3500 kr.
Søk om opptak i Fleksibel opplæring for skuleåret 2023/2024
Søknadar om deltaking i Fleksibel opplæring blir send digitalt, og blir behandla av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO).
Det er løpande søknadsfrist gjennom heile skuleåret. Svar vil kome fortløpande.