Hopp til hovedinnhold
Tospråkleg fagopplæring

Naturfag og matematikk

Dette er Fleksibel opplæring (FO)

Fleksibel opplæring er eit tilbod til elevar som har rett til tospråkleg opplæring etter § 2-8 og § 3-12 i Opplæringsloven, og til deltakarar med behov for språkleg tilrettelegging og tilpassa opplæring. Fleksibel opplæring tilbyr tospråkleg nettundervisning og læringsressursar i matematikk og naturfag på språka arabisk, somali, tigrinja og norsk. 
 

Skular må søka om å delta i Fleksibel opplæring, og NAFO tildeler plassar til skular som oppfyller kriteria for deltaking. Under kan du lesa meir om inntakskriterium, tekniske krav og porsessen vidare før undervisningsstart. Når ein skule har fåt plass i Fleksibel opplæring, er påmeldingen bindande. Det er ein egenandel på 7000 kr per elev. Skuleeigar får tilsendt faktura i løpet av hausten 2022.
 

Innhaldet i undervisninga følgjer i hovudsak læreplanen til 8. og 9. trinn. Vi tilpassar òg for dei elevane som er på nivået til 10. trinn. Målgruppa for prosjektet er elevar på ungdomstrinnet, vidaregåande, og deltakarar i grunnskule for vaksne. Tilbodet eignar seg for elevar i ordinær opplæring, i innføringstilbod eller i kombinasjonsklassar som har behov for opplæring på dette nivået.  
 

Elevane følgjer sanntidsundervisning over nett på morsmålet sitt med ein fast nettlærar. Undervisninga er strukturert i inntil tre undervisningsøkter på 30 minutt per fag. Utover dei faste undervisningsøktene kan skulane bestille timar med tilpassa innhald. Dette er eit populært tilbod der elevane kan få skreddarsydd opplegg etter kva den enkelte eleven har behov for. 
 

Elevane utvikler fagleg forståing i norsk ved hjelp av morsmålet sitt både gjennom undervisninga og det tospråklege materiellet som er tilgjengeleg på plattforma. I tillegg til sanntidsundervisning har elevane tilgang til tospråkleg læringsinnhald på plattforma. Innhaldet består av korte undervisningsfilmar, ordlister med sentrale omgrep, fagtekster, oppgåver på norsk og morsmål med meir.

Sjå NAFO sine nettsider for meir informasjon om Fleksibel opplæring og undervisningsplan for skuleåret 2022/2023

Slik kan din skule delta i Fleksibel opplæring

1. Sjekk at elevane oppfyller følgjande kriterium:  

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal ha vedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova (§2-8 eller 3-12). 
  • For voksenopplæring: Fleksibel opplæring kan vere eit ledd i den språklege tilretteleggingen og den tilpassa opplæringa for den vaksne i tilfelle der deltakaren har behov for det. 
  • Skulen/skuleeigar må ha prøvd å få tak i tospråklege lærarar utan å lykkast i eitt eller fleire av språka (arabisk, somali og tigrinja). Skulen kan berre melde på elevar i dei språka dei ikkje har tospråklege lærarar.  
  • Skular som deltar i Fleksibel opplæring, må ha Feide-tilgang.  
  • Elevane må ha tilgang til datamaskin eller nettbrett med kamera og hodetelefoner med mikrofon. Dette må vere på plass til skulestart.   
  • Skulane må gjennomføre følgjande test på elevane sine datamaskinene for å sjekka om datautstyret til skulen oppfyller minstekrava til å bruka Fleksibel opplæring: Maskintest

2. Sett deg inn i føresetnadene for å lykkast med Fleksibel opplæring: 

  • Skuleleiar må sjå til at det tekniske forarbeidet er påbyrja innan 14 dagar etter opptak, og sørga for at elevane er ferdigregistrerte innan skulestart.
  • Skuleleiar må legga til rette for samarbeid mellom lærarane ved skulen og nettlærarane. Samarbeidet mellom lokal lærer og nettlærarar er avgjerande for utbyttet til elevane. 
  • Elevane får best læringsutbytte på skular der årsplanen og innhaldet i Fleksibel opplæring sest i samanheng med annan undervisning. 
  • Tilrettelegging og organisering av tilbodet lokalt er ein suksessfaktor. Det inneber at eleven(e) har tilgang på utstyr, ein stad å sitja og at ein lærar følgjer opp elevane både under og etter sanntidsundervisningen.

3. Søk om opptak i Fleksibel opplæring:

  •  Fyll ut nettskjemaet. Søknaden vil bli behandla av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO). Digitalt søknadsskjema

4. Start den tekniske tilretteleggingen (mai/juni): 
Når skuleeigar har fått tilbod om å delta må skuleeigar/skuleleiar innan 14 dagar: 

  • Inngå avtale med Utdanningsdirektoratet for bruk av Digilær.no. Last ned databehandlaravtale frå kunde.feide.no og signer databehandlaravtalen digitalt
  • Opn for Digilær.no i Feide-katalogen på kunde.feide.no. 
  • Opprett fag eller gruppe i det skoleadministrative systemet (SAS) skulen nyttar. Digilær bruker namnet på faget eller gruppa til å logga eleven og læraren inn på riktig tilbod. Namnet må vera eit av følgjande:
     
    • Digilaer NAFO FO Arabisk
    • Digilaer NAFO FO Somali
    • Digilaer NAFO FO Tigrinja

Les meir om SAS/Feide-konfigurasjon

Få rett til å fylla ut påmeldingsskjema i Altinn. Tilgangsstyrar for dette er som regel kommunedirektør, kommuneleiar eller dagleg leiar. Les korleis du går fram for å få rett til å fylla ut skjemaet.  

5. Registrering, samtykke og stadfesting i Altinn før skulestart. 
Det er viktig at føresette og elevar blir informerte om kva deltaking i Fleksibel Opplæring inneber. Altinn blir brukt til påmelding av elevar, innhenting av samtykke og registrering av betalingsopplysningar.

  • Logg inn på Altinn og fyll ut skjemaet «Digilær påmelding og samtykke» og send det inn.
  • Elevar og føresette som ikkje har tilgang til Altinn kan signera lokalt hos skulen, det må markerast med «Lokalt samtykke». Skulen har då ansvar for å innhenta og ta vare på dette. 
  • Elevar over 18 år og føresette som har fødselsnummer får tilsendt samtykkeskjemaet frå Altinn digitalt.
  • Altinn bekreftar at skjemaet er sendt inn. Frå no av vil informasjonen komma frå NAFO.