Nyankomne elevar med innvandrarbakgrunn lærer meir i matematikk og naturfag når dei får nettbasert tospråklig opplæring, viser eit prøveprosjekt. Lærarane underviser på somali, arabisk og tigrinja.
Tospråklig opplæring i fag er viktig for elevar som nyleg er komne til Noreg. Då kan dei raskare lære norsk og komme inn i ordinær opplæring. Men i dag manglar mange kommunar tospråklige lærarar. Derfor satsar vi på ei nettbasert løysing der elevane kan sjå og prate med tospråklige lærarar. Det kan bidra til eit godt opplæringstilbod uansett kvar i landet elevane bur, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).