Hopp til hovedinnhold

Om Digilær.no

Digilær.no er ei nasjonal plattform for nettundervisning med nettlærarar. Det er Utdanningsdirektoratet som eig og driftar plattformen. Innhaldet på Digilær.no blir levert av fleire leverandørar som Utdanningsdirektoratet har avtale med.

Bakgrunn

Pilotprosjektet “Den virtuelle matematikkskolen” (DVM) kom i gong som ein følge av Stortingsmelding 22 (Motivasjon – Mestring – Muligheter). Prosjektet var eit oppdrag gitt til Senter for IKT i utdanninga (no Utdanningsdirektoratet), og starta opp i 2011. Målet med DVM var å auke motivasjon og meistring for elevane på ungdomstrinnet i matematikkfaget gjennom nettbasert tilpassa opplæring.

På bakgrunn av erfaringane frå prosjektet har Kunnskapsdepartementet vedtatt at det skal etablerast ein nasjonal plattform for nettbasert undervisning. Denne plattformen er Digilær.no. To av delprosjekta frå DVM, forsering av teoretisk matematikk 1T, og tospråkleg fagopplæring, blir ført vidare som permanente tilbod på plattforma. Digilær.no vil ha eit breiare fokus og tilby fleire fag enn prosjektet DVM hadde. 


Etableringa av ein nasjonal plattform for nettbasert undervisning er i tråd med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet sine strategiar. Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa 2017-21 har som hovudmål at “IKT skal utnyttast godt i organiseringa og gjennomføringa av opplæringa for å auke læringsutbyttet til elevane". Den virtuelle matematikkskolen viste at det er mogleg å organisere og gjennomføre opplæringa slik at elevane får lik rett til tilpassa opplæring uavhengig av bustad, lokal kompetanse og andre faktorar som kan medverke. DVM hadde med elevar frå Malaga i sør til Longyearbyen i nord.
 

Tospråkleg fagopplæring gjennom Fleksibel opplæring (FO) starta som eit tilbod for elevar på ungdomstrinnet, men er no opna for at deltakarar i grunnskule for vaksne og kombinasjonsklassar kan delta. Ved oppstarten i 2017 var målet å prøve ut om og korleis ein kunne tilby tospråkleg fagopplæring via nettbaserte løysingar. Digitaliseringsstrategien framhevar at ”digitale læremiddel" kan vere ein brubyggjar for elevar som ikkje meistar norsk, og eit viktig verkemiddel for nyankomne elevar til å komme i gang med opplæringa. Eit nettbasert tilbod vil gje særleg stor gevinst for skuleeigarar som har vanskar med å rekruttere kvalifiserte tospråklege faglærarar.

 

I Udir sin strategi heiter det at «Utdanningsdirektoratet skal bidra til at barn og unge lærer, mestrer og trives». Digilær.no støttar opp om brukareffektmåla til Utdanningsdirektoratet samt strategien som uttrykker at utsette barn og unge skal vere ei prioritert målgruppe. Erfaringa frå DVM og FO har vist at denne typen nettbaserte tilbod kan nå elevgrupper på ein ny og innovativ måte, samtidig som heilskapen blir tatt vare på. Prosjektet Digilær.no er digitalt, samordna og brukerretta med fokus på utsette barn og ungdom gjennom å kunne gi tilpassa undervisning uavhengig av geografi, lokale ressursar og tilgjengeleg kunnskap og kompetanse.

Evaluering

Det er gjort fleire evalueringar av prosjektet Den virtuelle matematikkskolen. Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har følgt prosjektet og levert rapportane du kan lese nedanfor.
 

NIFU sin evalueringsrapport for skoleåret 2013-2014
NIFU sin evalueringsrapport for skoleåret 2016-2017

Våre leverandørar

Digilær.no tilbyr undervisning med tre innhaldsleverandørar. 
 

Forsering i matematikk 1T

Tilbodet med forsering i teoretisk matematikk 1T blir levert av Nettskolen i Nordland og Nettskolen Vestfold. 
 

  • Nettskolen Nordland
    Gjennom Nettskolen i Nordland har Nordland fylkeskommune utvikla eit svært fleksibelt og brukarvennleg tilbod om videregåande opplæring for vaksne. Opplæringa skjer på nett. Les meir om Nettskolen i Nordland.

 

  • Nettskolen Vestfold
    Nettskolen Vestfold er ei avdeling i Vestfold fylkeskommune som er eit leiande kompetansemiljø innan sanntidsundervisning i digitale klasserom og læringsstøttande teknologi. Visjonen er å gjere det mogleg for elevar i vidaregåande skule og ungdomsskule å ta fag der dei bur. Les meir om Nettskolen Vestfold.

 

Tospråkleg fagopplæring

Tilbodet blir levert av NAFO, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring, som er ein del av Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) ved OsloMet – storbyuniversitetet. Les meir om NAFO.

 

Driftsleverandør

Redpill-Linpro AS bidrar med drift og utvikling av infrastrukturen til Digilær.no gjennom dotterselskapa sine Redpill Linpro CloudOps AS og Redpill Linpro Development Services AS. Les meir om Linpro.

Infrastruktur

Digilær.no har etter fleire år som pilot valt å nytte læringsplattforma (LMS) Moodle. Dette er ei læringsplattform designa for å gi lærarar, administratorar og elevar eit enkelt, robust, sikkert og integrert system for å skape personlege læringsmiljø. 
 

Moodle blir bygd og utvikla av Moodle-prosjektet som blir leia og koordinert av Moodle HQ, og er økonomisk støtta av eit nettverk av Moodle-partnarar over heile verda. Moodle er open kjeldekode der deling og gjenbruk er grunnidéen. Digilær.no bidrar med mellom anna oversetting til nynorsk og nordsamisk til det norske Moodle-miljøet. Les meir om Moodle.
 

Digilær.no nyttar videoløysingar frå Adobe Connect som verktøy for sanntidsundervisning. Adobe Connect er Utdanningsdirektoratet sin underleverandør. Les meir om Adobe Connect
 

Systemkrav for videoløysingar
Systemkrav for Adobe Connect på adobe.com

I tillegg brukar innhaldsleverandørane ulike verktøy frå tredjepartar/undervisningsressursar til undervisninga si. 

Lær om personvernvurderingar for infrastrukturen til Digilær i personvernerklæringa. 

Personopplysningar og samtykke

Digilær.no behandlar personopplysningar gjennom sine tenester.

Les meir i personvernerklæringa

 

Føresette  må gi sitt samtykke før eleven kan delta i digilær.no. Samtykket signerast gjennom Altinn.
Les innhaldet i samtykkeerklæringa.  

Tjeneste- og databehandleravtale

Avtalen mellom kommune/skuleeigar og Utdanningsdirektoratet for bruk av nettenesta Digilær.no, finn du ferdig utfylt på kunde.feide.no.

 

Avtalen signerast digitalt her.