Hopp til hovedinnhold

Meistring og motivasjon med virtuell undervisning

Vi har snakka med elevar på ungdomstrinnet om undervisning og fellesskap - på nett. Tilbodet er ei unik moglegheit for motiverte elevar å forsere i matematikk, men òg som førebuing til skulegang på vidaregåande.

Image
Elev 1T 2021

–  Eg anbefaler andre å delta! Heile opplegget har vore ei utruleg moglegheit og læraren min har vore ekstremt flink på å rettleie og lære bort faget så eg har berre positive ting å seie om programmet. Eg har lært utruleg mykje! Det seier Henrik Bakke Tuastad om “forsering teoretisk matematikk 1T”, eit opplæringstilbod på nett for ungdomsskuleelevar som ønsker større utfordringar i matematikk.

 

Tenkt deg godt om – men meld deg på!

 Eg tok matematikk 1T medan eg gjekk i 10-klasse, samtidig som eg hadde matematikk for 10.trinn, seier Henrik.

Han fortel at du som melder deg på, må ha god motivasjon til å arbeide sjølvstendig og ha god kontroll på matematikken frå ungdomsskulen. Det er opp til deg sjølv kor mykje du vil engasjere deg i læringa og innsatsen du legg i arbeidet.


–  Mot slutten av skuleåret steig vanskegrada for meg, men første halvåret var det passe utfordrande. Det er nok utfordring her til at det ikkje blir kjedeleg, og ikkje så høgt nivå at det blir umogleg å gjennomføre.


Kjem i forkant


– På skulen eg skal byrje på til hausten, tilbyr dei R1-matte for elevar som har allereie har tatt 1T, slik eg har. Det gjer at eg vil ha eit mindre programfag på vidaregåande, og derfor kan eg kan legge meir tid og arbeid i andre fag i 3.klasse, seier Henrik og legg til:

–  Eg vil seie at dette tilbodet er ei fantastisk moglegheit! Ein lærer utruleg mykje, og lærestilen er heilt ulik det vi kjente frå grunnskulen. Og viss det skulle vise seg at arbeidet blir for krevjande, kan ein uansett ta 1T opp igjen i 1.klasse på vidaregåande - med eit godt forsprang i pensumet.

Elevane som deltar, deler interesse og engasjement for matematikk, og dei får eit likeverdig tilbod på det faglege nivået sitt, uavhengig av kva ressursar og moglegheiter som finst lokalt.

 

Faglærar og rektor oppfordra til å delta

Maria Ezri Feness Berger har òg akkurat gjennomført 1T-tilbudet gjennom digilær.no. Ho fekk tilbodet anbefalt, saman med andre motiverte elevar, av faglæraren sin, og vidare hadde dei eit eige møte med rektor for meir informasjon.  Også ho oppfordrar andre elevar til å søke og delta:

–  Ja, eg anbefaler verkeleg alle som synest matematikk er spennande, og som får femmarar og seksarar i faget til å delta! Dette er ein fin måte å få ekstra utfordringar på, og verkeleg brukt potensialet sitt, seier Maria og legg til:

Ein må vere førebudd på å jobbe mykje sjølvstendig, sidan dette er eit digitalt tilbod. Det er viktig at ein er klar for å ta initiativ sjølv, og verkeleg har lyst til å lære. For meg var det ein stor overgang frå å vere han i klassen som kanskje tok ting raskast, til å vere ein del av ein klasse med berre gode og motiverte elevar. Det har vore utfordrande, men veldig lærerikt.

 

Engasjerte lærare

Image
Endre Madsbu

– Du treng ikkje nødvendigvis vere ein seksarelev frå før, men vere nysgjerrig på kva det vil seie å ta faget eit lite skritt nærare

det teoretiske verktøyet matematikk, ikkje berre kvardagsmatematikken. Og det er spennande, seier ein av nettlærarane, Endre Madsbu. Han legg til:

– Vi treng å samarbeide med skulane for å avvikle prøvar og hjelpe elevane i oppstarten. Det kan òg vere mykje å hente for dei lokale ungdomsskulelærarane, viss dei engasjerer seg i stoffet eleven skal gjennom.

 

Likt tilbod, uansett bustad

Elevane deler interesse og engasjement for matematikk, og dei får eit likeverdig tilbod på det faglege nivået sitt, uavhengig av kva ressursar og moglegheiter som finst lokalt.  
–  Det er så viktig å få møte andre med felles interesser! I tilbodet forsering matematikk 1T møte dei andre med same engasjement som seg sjølv for matematikk. Her kan dei blomstrane og utfolde seg sjølv saman med andre, seier Julie-Kathrine Skoglund seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet. Ho jobbar med 1T-tibudet og digilær.no, og har bakgrunn frå grunnskulen som matematikklærar. 

–  Å kunne ta fag på vidaregåande nivå medan ein framleis er elev i grunnskulen, er eitt av tilboda i  digilær.no. Også elevar med spesielle behov kan få ei betre opplæring enn dei elles ville fått gjennom virtuell, tilpassa undervisning.

Elevar som har gjennomført forseringen, har fleire moglegheiter når dei byrjar på vidaregåande. Nokon tar faget på nytt, med ein solid grunnkunnskap medan andre fortset å forsere vidare i faget.