Hopp til hovedinnhold

Refleksjonsoppgåva

Utkast til brev/epost som kan sendast til eleven:
 

Du viser stor interesse for matematikkfaget og presterer veldig godt i faget. Du treng fleire utfordringar og kan ha nytte av å møte elevar som har same interesse for faget som deg sjølv. Matematikk 1T er den teoretiske varianten av matematikk første året på vidaregåande skule. Hos Digilær.no kan du vere elev i faget teoretisk matematikk 1T medan du framleis går på ungdomsskulen, fordi undervisninga er på nett. Derfor meiner eg at matematikk 1T er eit tilbod som kan passe for deg. Det kostar ingenting for deg å delta. 
 

For å sjekke interessa og motivasjonen din, ønsker vi at du gjennomfører ei refleksjonsoppgåve. I oppgåva får du ulike spørsmål og påstandar som du må ta stilling til. Heilt til slutt får du ei tilbakemelding basert på svara du har gitt. Tilbakemeldinga kan hjelpe deg til å avgjere om dette er eit tilbod som passar for deg eller ikkje.

Gjennomføringa av refleksjonsoppgåva tar cirka 20 minutt. 
 

Slik gjer du det steg for steg  

  1. Gå til digilaer.no og les om forsering i teoretisk matematikk 1T. 
  2. Trykk på logg inn med Feide-brukaren din.
  3. Les igjennom “Samtykke til å behandle personopplysningane dine på Digilær.no” og samtykk.
  4. Du kjem då til skule.digilaer.no. Trykk fram menyen "Blokkskuff" med pila oppe i høgre hjørne.
  5. Registrer lisensen: RQ3X-A336-8YHT eller bruk denne lenka
  6. Du får no tilgang til “Refleksjonsverktøy 1T”. 
  7. Gjennomfør quiz: "Passar teoretisk matematikk 1T for meg?" Sjå videoen, les teksten og svar på oppgåvene .
  8. Les tilbakemeldinga du får og drøft resultatet med meg. Då kan vi saman finne ut om dette er eit tilbod du skal melde deg på.