Hopp til hovedinnhold

Nye tilbod

Digilær.no er gjort klar for utprøving og etablering av nye tilbod for grunnopplæringa. Nye tilbod må ta omsyn til etablert regelverk for nettbasert undervisning.

 

Har du ein idé, eit læringsmateriell eller eit behov som ikkje er dekt - send ein mail til digilaer@udir.no så tek vi kontakt.

Pilot: Kvensk og finsk på digilær.no

Utdanningsdirektoratet starta eit pilotprosjekt hausten 2020 for å vurdere om digilær.no kan brukast som ei digital plattform for nettundervisning i kvensk og finsk. Piloten vart presentert for lærarar i kvensk og finsk under eit webinar arrangert av Statsforvaltaren i Troms og Finnmark november 2020. Dette medførte at ein ønskte å skalere opp prosjektet ved å engasjere fleire i arbeidet med å utvikle læringsinnhald. Hausten 2021 blei pilot 2 i språka kvensk og finsk presentert.

Pilot: Samisk på digilær.no

Det er etablert eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet og Sørsamisk kunnskapspark for å utvikle ein pilot. Piloten skal vise korleis digilær.no kan vere eit digitalt bidrag til språkopplæring i dei tre språka lule-, sør- og nordsamisk.

Les mer om Sørsamisk kunnskapspark her.