Hopp til hovedinnhold

Samtykke

Samtykke til å behandle dine eller ditt barn sine (eleven sine) personopplysningar på Digilær.no

For skuleåret 2024/25

Kva er Digilær.no?

Digilær.no er ei nasjonal plattform for nettundervisning med nettlærarar. Det er Utdanningsdirektoratet som eig og driftar plattformen samt Utdanningsdirektoratet sin databehandlar. Alle elevar som du eller barnet ditt vil møte i Digilær.no er frå norske skular. Nettlærarane kjem frå norske utdanningsinstitusjonar.  

Innhaldet på Digilær.no blir levert av fleire tilbydarar eller nettskular som Utdanningsdirektoratet har avtale med. Sjå oppdatert liste over innhaldsleverandørar på Digilær.no. Desse omtaler vi som «innhaldsleverandørar» i dette samtykkeskrivet.
 

 

Samtykke som rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Dette er ei samtykkeerklæring. Det er frivillig å gi samtykke. Ved å klikke på «Ja, eg gir samtykke» i Altinn, samtykker du til at vi kan samle inn og bruke opplysningar om deg og/eller barnet ditt slik at barnet kan delta i undervisningstilbod i Digilær.no. 

Dersom du samtykker, er samtykket ditt det rettslege grunnlaget for at Utdanningsdirektoratet kan behandle dine/barnet ditt sine personopplysningar, jf. personopplysningslova art. 6 nr. 1 bokstav a og art. 9 nr. 2 bokstav a. Andre behandlingar og deira grunnlag finn du i personvernerklæringa til Digilær.no.


Samtykke til Digilær.no brukast til desse formåla:

  • Påmelding og deltaking på undervisningstilbod.
  • Opptak av sanntidsundervisning (klassetime) for fråvær, repetisjon og for profesjonsutvikling for nettlærarar.

Rett til å trekke tilbake samtykke

Deltakelse i Digilær.no er frivillig. Du kan når som helst trekke deg/barnet ditt frå tilbodet. Ønsker du å trekke deg/barnet ditt frå tilbodet eller ønsker du å trekke tilbake samtykket ditt, kan du sende ein e-post til digilaer@udir.no eller du kan trekke samtykket via Altinn.

Om du trekk samtykket, blir eleven trekt frå undervisningstilbodet på Digilær.no, og vi vil slette opplysningar som er lagra om eleven i plattforma i samsvar med gjeldande regelverk og gjeldande personvernerklæring for Digilær.no.

Dersom du trekk tilbake samtykket ditt, gjer vi deg merksam på at vi slettar opptak du er med i med lyd og kamera på, men ikkje opptak der du har skrudd av mikrofon og kamera.
 

Behandlingsansvarleg og databehandlar

Utdanningsdirektoratet er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla om elevane i Digilær.no. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med det til ein kvar tid gjeldande personvernregelverket. Utdanningsdirektoratet har databehandlaravtale med leverandøren som driftar systemet for oss, der leverandøren er underlagt dei same strenge krav til behandling av personopplysningar som Utdanningsdirektoratet sjølv er.

Innhaldsleverandørane er sjølvstendige behandlingsansvarlege for personopplysningar dei behandlar i samsvar med plikter dei er pålagt å overhalde jf. regelverket som gjeld for utdanningsinstitusjonar, t.d. vurdere kompetansen til eleven.
 

Korleis blir opplysninga sikra?

Alle personopplysningane i Digilær.no blir behandla i EU/EØS. Digilær.no krev pålogging, og data er verna ved bruk av tilgangsstyring og tekniske tiltak innarbeidd i både design og infrastruktur i plattforma. Digilær.no bruker Feide m.a. for pålogging for å gi elevane ein sikker tilgang til plattforma.

Personopplysningar frå aktiviteten i det nettbaserte tilbodet eleven deltar i, kan berre knytast til eleven gjennom den elektroniske Feide-identiteten til eleven.

I tillegg nyttar Digilær.no m.a. Adobe Connect for sanntidsundervisning. Data blir behandla i Irland, men unntaksvis ved behov for utvida kundestøtte, kan det behandlast data i land utanfor EU/EØS. I desse tilfella er EUs standardavgjerder overføringsgrunnlaget. Les meir om Adobe Connect.

 

Kva slags opplysningar samlar vi inn om eleven?

1) Opplysningar frå Digilær.no

Ved pålogging til Digilær.no og i opplæringa, treng vi å behandle følgjande personopplysningar om deg:

  • Identifiserande opplysningar som namn, personnummer, e-postadresse, telefonnummer, adresse.
  • Demografiske opplysningar som alder, skule, skuleeigar, gruppedata (eks. undervisningstilbod).
  • Kommunikasjonsopplysningar som MAC-adresse, IP-adresse, nettleser og cookies.
  • Aktivitetar som t.d. tider for innlogging/utlogging, tidspunkt for levering av oppgåver, tidspunkt for arbeid med dokument og tidspunkt for chat med klassevenner.
  • Særlege kategoriar av personopplysningar blir ikkje direkte etterspurd, men kan bli synleg i sanntidsundervisninga eller i chat av eleven sjølv. Ved tospråklig fagopplæring kan språket seie noko om opphavet til eleven eller etnisitet. Det kan òg hende at undervisninga må tilpassast på grunn av t.d. helsesituasjon. 
  • Opplysningar av særskilt privat karakter som lokasjon, ev. eige profilbilde, ev. eigen profilering.


Desse personopplysningane blir nytta for mellom anna å identifisere deg, gi deg rett tilgang til klasse/kurs/gruppe og for at den lokale læraren din skal få riktig tilgang slik at læraren kan tilrettelegge og følgje opp lokalt. Opplysningane blir henta frå Feide, frå datamaskina di og frå undervisningsressursane på Digilær.no.
 

2) Opplysningar som blir samla inn av innhaldsleverandørane

Innhaldsleverandørane samlar inn opplysningar om kunnskapen og progresjonen til eleven for å kunne gi undervisning og vurdere kompetansen. I Digilær.no kan nettlæraren gjere opptak av ein undervisningstime, til dømes for å tilby repetisjon, eller for elevar som ikkje er til stades ved undervisninga. Opptaka kan òg brukast til profesjonsutvikling av læraren. Opptaka kan leggast ut på plattforma, men berre slik at det er tilgjengeleg for andre elevar som deltar i tilbodet. Når opptak blir gjort vil lyd, video og chat bli synleg i opptaket. Når opptak skal skje skal du bli varsla om opptaket, slik at du kan slå av kamera og mikrofon dersom du ikkje ønsker å vere med på opptaket. At du deltar i undervisninga, vil komme fram.
 

3) Opplysningar som blir samla inn av tredjepartar

Innholdsleverandørane i Digilær.no nyttar ulike undervisningsressursar frå andre leverandørar til undervisninga si. Desse verktøya er utan innlogging, men dei samlar informasjon om maskina til brukaren, som IP- og mac-adresser, operativsystem, nettlesar, eventuelt bruken din av verktøyet (cookies), mv. Selskapa som eig desse verktøya er sjølv behandlingsansvarlege for behandling av opplysningane dine knytt til bruk av verktøya til sine eigne formål. Denne samtykkeerklæringa omfattar derfor ikkje bruken til tredjepartane av personopplysningane dine.
 

4.) Lokal oppfølging av undervisning

Din lokale lærar frå skulen din har tilgang til Digilær.no for å støtte og legge til rette for undervisninga di.

Om du deltar på forsering i teoretisk matematikk 1T har din lokale lærar berre tilgang til å sjå kva du har av oppgåver, men ikkje til arbeidet ditt. Deltar du på tospråkleg fagopplæring har din lokale lærar tilgang på oppgåvene dine og arbeidet ditt. Den lokale skulen din er sjølv ansvarleg for det oppfølgingsarbeidet og informasjon dei behandlar om deg i denne samanhengen.

Ved fråvær vil nettlæraren ta kontakt med din lokale lærer, slik at skulen din kan følgje opp og vareta forpliktingane sine knytt til opplæringa di.

 

Korleis kan du vite kva slags opplysningar vi har om deg?

Du kan til ei kvar tid krevje innsyn i alle opplysningar Digilær.no har lagra om deg/barnet ditt. Dette kan du få ved å henvende deg til digilaer@udir.no.

 

Kor lenge blir opplysningar lagra om deg?

Alle personopplysningar om eleven som er lagra og logga i Digilær.no blir sletta etter at klagefristen er utgått, eller 14 dagar etter avslutta undervisning for inneverande skuleår såfremt ikkje eleven skal fortsetje undervisning i Digilær.no følgjande skuleår. I desse tilfella blir opplysningane sletta først etter at perioden for opplæringa er avslutta.

Innhaldsleverandørar som leverer undervisningstilbod arkiverer arkivverdige opplysningar om eleven, t.d. standpunktkarakter og fråvær mv., jf. Opplæringsloven kap. 13.

 

Rettane dine

I Digilær.no kan du sjølv sjå og oppdatere ei rekke personopplysningar vi behandlar om deg. Du har i tillegg rett til å be oss om innsyn og om ein kopi av dataa dine, eller til å korrigere eller slette feil eller utdatert informasjon om deg. I nokre tilfelle har du òg rett til å be oss å stoppe behandlinga (avgrensing) eller slette opplysningane dine.

Vi gjer merksam på at vi ikkje kan krenke rettane og personvernet til andre elevar eller lærarar for å vareta rettane dine, så det er ikkje mogleg å t.d. be om kopi av eller dele opptak du er med i.

Det er gratis å utøve rettane, og du kan ta kontakt med post@udir.no eller personvernombud@udir.no om rettane dine. Vi svarer på førespurnaden din så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på Datatilsynets nettside.

 

Vil du gje samtykke til at vi kan behandle personopplysningar om deg eller ditt barn (eleven) på Digilær.no?

Det er frivillig for deg å gi samtykke. Ved å klikke på «Ja, eg gir samtykke» i Altinn, har du gitt samtykke til at vi kan samle inn og bruke opplysningar om deg eller barnet ditt (eleven) slik vi har informert om ovanfor.

 

Kontaktinformasjon

Epostadressa til Utdanningsdirektoratet: post@udir.no

Support epostadressa til Digilær.no: Digilaer@udir.no

Epostadressa til personvernombodet: personvernombud@udir.no