Hopp til hovedinnhold
Fleksibel opplæring

Tospråkleg opplæring i fag

Fleksibel opplæring tilbyr tospråkleg opplæring i grunnleggjande norsk og matematikk med støtte på ukrainsk. I tillegg tilbyr Fleksibel opplæring tospråkleg opplæring i matematikk, naturfag og engelsk med støtte på språka arabisk, tigrinja og somali. 

Fleksibel opplæring er for elevar som har rett til særskild språkopplæring og har behov for tospråkleg opplæring i fag. Tilbodet rettar seg hovudsakleg mot elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg. Nokre av tilboda eignar seg også for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne (FOV).

Tilbodet er meint som eit supplement til den ordinære undervisninga, og er ei ordning for skular som ikkje har lykkast med å få tak i tospråkleg lærar. 

Lenkjer til meir informasjon om tilbodet: