Hopp til hovedinnhold

Påmelding forsering matematikk 1T

Læraren vurderer om forsering i teoretisk matematikk 1T vil vere eit riktig tiltak for eleven. Det er ein føresetnad at elevane gjennomfører refleksjonsoppgåva i punkt tre og at skuleeigar tilrettelegg lokalt før opptak.

Image
Slik gjør du det påmelding
1. Passar tilbodet for eleven og skulen?  

Faget 1T er den mest utfordrande varianten av matematikk ein kan ta første året på vidaregåande skule. Hos digilær.no får ein moglegheit til å ta 1T medan ein framleis er elev på ungdomsskulen. 

Dersom eleven ønsker å byrje med 1T allereie no, er det viktig at eleven har gode forkunnskaper og at han/ho er skikkeleg motivert. Det vil vere ein stor fordel om eleven har nådd kompetansemåla for matematikk på ungdomstrinnet før ein startar med 1T. Undervisninga i teoretisk matematikk 1T føregår på nett slik at ein kan vere elev i 1T uavhengig av kvar eit bor.
 

Les meir om:

Enkeltvedtak

For at ein elev skal kunne delta i 1T, må det gjerast eit enkeltvedtak i samsvar med §1-15 i forskrift til opplæringslova. Vedtaket gir elevar moglegheita å følgje faget på vidaregåande skule. Det er skuleeigar som opprettar enkeltvedtaket, som også må godkjennast av elevens føresette. Deretter vil eleven bli tatt opp som elev i 1T ved ein av dei vidaregåande skulane våre, nettskulen i Nordland eller nettskulen Vestfold.
 

Klikk her for Udir sine malar for enkeltvedtak.

Forslag til enkeltvedtak for elever i 1T


Har kommune/skuleeigar ressursar til oppfølging?
Lokal oppfølging av 1T elevar er viktig for eit godt resultat. Derfor må lokal skule sikre tilgang til ein lærar som kan støtte eleven undervegs i skuleåret, tilgang til utstyr og IKT-support og dessutan tilrettelegge timeplanen slik at den samsvarer med anna undervisning.

2. Opne for Digilær.no

Kommunen/skuleeigar ved Feide-administrator inngår avtale med Utdanningsdirektoratet for bruk av digilær.no. Avtale om databehandleravtale blir lasta ned frå kunde.feide.no. Signert avtale skal sendast til post@udir.no.


Databehandleravtalen blir signert digitalt her. 

Kommunen/skoleeigar ved Feide-administrator opner for Feide-pålogging til digilær.no på kunde.feide.no.


Feide-administrator for kommunen din/skuleeigar finn du på https://www.feide.no/brukerstotte

3. Motivasjon og timeplan

Motivasjon

Eleven må gjennomføre ei obligatorisk refleksjonsoppgåve for å finne ut om han eller ho har tilstrekkeleg med motivasjon, tid og engasjement til å starte med faget 1T. Det er viktig at eleven snakkar med faglærar og foreldre før avgjerda om påmelding blir tatt. Refleksjonsoppgåva krev Feide-pålogging og aktivering av lisensnøkkel.

Utkast til brev/epost som blir sendt til eleven får eleven informasjon som er nødvendig for å gjennomføre refleksjonsoppgåva. 

Timeplan
For skuleåret 2021-2022 kan elevane velje undervisningstidspunkt etter planen under. Elevar som melder seg på først, vil få prioritet ut frå ønskt undervisningstidspunkt. Påmeldingen opnar 15.mars. 
 

Image
Timeplan 1T 2020-2021

 

    4. Påmelding, samtykke og stadfesting via Altinn

    Påmelding til neste skuleår opner 15.mars. 
     

    Altinn blir brukt både til påmelding av elevar, samtykke og registrering av betalingsopplysningar. Det er berre representanten til skuleeigar på Altinn som kan fylle ut påmeldingsskjemaet.
     

    1. Skuleeigar loggar på Altinn og fyller ut skjemaet "Digilær".
    2. Foreldre eller elevar over 18 år får digital melding frå Altinn.
    3. Foreldre eller elevar over 18 år loggar inn i Altinn, leser samtykke og personvernfråsegna og signerer samtykke.
    4. 
    Altinn bekfefter at skjemaet er sendt inn. Anna informasjon kjem frå ein av innhaldsleverandørane våre.

     

    Meir informasjon om Altinn - rettleiing for påmelding og samtykke


    Kva kostar tilbodet?
    For tilbodet teoretisk matematikk 1T skal kommune/skuleeigar dekke ein egenandel per elev som skulen melder på. Kontaktpersonen til skulen må derfor avklare kostnaden med leiinga i skulen før påmelding. Egenandelen er eit engangsbeløp som ikkje blir tilbakeført dersom eleven sluttar undervegs i skuleåret.
     

    For skuleåret 2021-2022 er egenandelen sett til:
    Early-bird frå 15.03-16-04: 1500 kr
    Vanlig pris frå 17.04-25.06: 2500 kr

    5. Tilrettelegging lokalt

    Kommune/skoleeigar har ansvar for å legge til rette slik at eleven har tilgang til nødvendig utstyr, IKT-support og opplæring. 


    Tekniske krav
    • Eleven må ha Feide-brukar for å gjennomføre refleksjonsoppgåva.
    • God og stabil bredbåndskapasitet er nødvendig.
    • Ei eiga datamaskin (PC, MAC eller nettbrett) i eigna miljø.
    • Webkamera.
    • USB-hodetelefon med mikrofon (for nettbrett er det som oftast mini-jack som blir nytta).
    • Oppdatert IKT-utstyr.
    • Datamaskina skal vere utstyrt med kontorstøtteprogramvare, nettleser og tilhøyrande programvare for tilbodet som eleven følgjer på digilær.no. 


    Ved å aktivisere maskintesten vår vil du start ein to-trinns sjekk av maskina di får å avdekke om maskina oppfyller tekniske krav for bruk av digilær.no. Første trinnet er ein sjekk av nettlesar, operativsystem og hardware. Trinn to er bandbreiddetest til sanntidsundervisningen.

     

    Administrative krav
     

    Databehandleravtale

    Ein databehandlaravtale er ein avtale mellom kommune/skuleeigar og Utdanningsdirektoratet for bruk av nettjenesten Digilær.no. Avtale finn de på kunde.feide.no.
     

    Samtykke 

    Når kommune/skuleeigar har fylt ut skjemaet på Altinn, vil elev/føresette få beskjed om å logge inn på Altinn for å lese og signere samtykke. Eleven skal saman med føresette (når elev er under 18 år), lese igjennom og signere samtykkefråsegna for å vere elev på Digilær.no.

     

    Praktisk tilrettelegging og kommunikasjon

    Skuleeigar skal ha god dialog med innhaldsleverandørane (nettskulane) og sørge for forsvarleg gjennomføring av opplæringa, prøver, eventuelle eksamenar og for føring av fråvær, og dessutan orden og åtferd. Sjå likevel pkt. 4 om matematikk 1T i tenesteavtalen.

    Test maskina di