Naturfag og matematikk
Fleksibel opplæring i naturfag og matematikk tilbyr tospråkleg fagopplæring med støtte på språka arabisk, somali og tigrinja.
Målgruppe
Innhaldet i undervisninga følger i hovudsak læreplanen til 8.-10. trinn. Målgruppa for tospråkleg fagopplæring i naturfag og matematikk er elevar på ungdomstrinnet, vidaregåande, og deltakarar i grunnskule for vaksne. Tilbodet eignar seg for elevar i ordinær opplæring, i innføringstilbod eller i kombinasjonsklassar som har behov for opplæring på dette nivået.
Organisering og omfang
Elevane/deltakarane følger sanntidsundervisning over nett på morsmålet sitt. Undervisninga er strukturert i inntil tre undervisningsøkter på 45 minutt per fag. Kvar skule får tilbod om to faste økter i veka (per fag) med ein nettlærar som følger dei gjennom heile skuleåret. Skulane melder seg på tidspunkt for undervisning, og NAFO tildeler faste tidspunkt for undervisning.
I tillegg til sanntidsundervisning har eleven/deltakarane tilgang til tospråkleg læringsinnhald på Digilær. Innhaldet består av mellom anna korte undervisingsfilmar, ordlister med sentrale omgrep, fagtekstar og oppgåver på norsk og morsmål. Elevane/deltakarane utviklar fagleg forståing i norsk ved hjelp av morsmålet sitt gjennom undervisninga, og det tospråklege materiellet som er tilgjengeleg i plattforma.
Det er mogleg å melde på elevar/deltakarar anten i eitt av faga eller begge.
Pris
Prisen per elev/deltakar for skuleåret 2023-2024 er satt til 3500 kr per fag.
Søk om opptak i Fleksibel opplæring for skuleåret 2023-2024
Søknadar om deltaking i Fleksibel opplæring blir send digitalt via nettskjema. Dei blir behandla av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO).
Det er løpande søknadsfrist gjennom heile skuleåret. Svar vil komme fortløpande.
Kriterium for deltaking og søknadsskjema.
Les meir om Fleksibel opplæring på NAFO si nettside eller ta kontakt med oss på nafo-fo@oslomet.no.