Hopp til hovedinnhold

Forsering matematikk 1T

Dette er forsering matematikk 1T

 

Matematikk 1T er den teoretiske varianten av matematikk første året på vidaregåande skule. Faget er basis for dei to løpa med matematikk på vidaregåande skule; samfunnsfagleg matematikk (S1 og S2) og realfagleg matematikk (R1 og R2). Faget er ein viktig del av grunnlaget for vidare studiar i mellom anna økonomi, teknologi, medisin, matematikk og realfag. 

1T er eit tilbod for elevar på ungdomstrinnet som har behov for større utfordringar i matematikkfaget. Hos digilær.no får eleven moglegheit til å forsere faget medan dei framleis går på ungdomsskulen. Undervisninga føregår på nett slik at ein kan vere elev i 1T uavhengig av kvar eit bor. Faglærar skal vurdere om tilbodet kan passe for eleven. Skuleeigar må gjere eit enkeltvedtak etter samtale med elev og foreldre før eleven kan starte på tilbodet. 

Ny avtale for undervisning av 1T er inngått med Nettskolen i Nordland og Nettskolen Vestfold. 

Er eleven motivert?

Eleven må gjennomføre ei obligatorisk refleksjonsoppgåve for å finne ut om han eller ho har tilstrekkeleg med motivasjon, tid og engasjement til å starte med faget 1T. Det er viktig at eleven snakkar med faglærar og foreldra før avgjerda om påmelding blir tatt.

Refleksjonsoppgåva krev Feide-pålogging. Eleven får tilgong til oppgåva ved hjelp av ein lisensnøkkel. Informasjonen eleven treng for å gjennomføre refleksjonsoppgåva (inkludert lisensnøkkel) finn du i vårt utkast til brev/epost som kan sendast til eleven. 

Kor vanskeleg er 1T?

1T opplevast som krevjande av dei fleste elevar. Det faglege nivået og tempoet er høgare enn det ein er vant med frå ungdomsskulen. Det vil derfor vere ein stor fordel om eleven har nådd kompetansemåla for matematikk på ungdomstrinnet før ein startar med 1T. Erfaringa vår er at eleven bør ha karakteren 6 (eller sterk 5) i standpunkt, og at eleven er på dette nivået utan mykje strev. I tillegg må eleven vere sjølvstendig og motivert for å jobbe ein del med matematikk åleine. Det er ein fordel om eleven har nokre timar ekstra ledig kvar veke.

Den obligatoriske delen av undervisninga er sett til 4 (klokke-)timar per veke: To timar til arbeid med leksjonar og oppgåver, og to timar til sanntidsundervisninga. Det er ein føresetnad at elevane har gjennomført leksjonane med oppgåver og eigenvurdering før sanntidsundervisninga. Elevane er då førebudd til undervisninga og lærar er kjent med resultata for elevane og kan tilpasse opplæringa deretter. I tillegg må elevane rekne med å bruke tid utanom til oppgåveløysing og førebuingar til undervisningsøktene.

Omdisponering av timar

Det er mogleg å omdisponere timane til valfag/programfag på ungdomstrinnet, eller bruke 60% av timane i faget utdanningsval for å ta teoretisk matematikk 1T. Det er den lokale ungdomsskulen som avgjer om elever kan nytte denne moglegheita.

Timeplan

For skuleåret 2023-2024 kan eleven velje undervisning etter denne planen. Elevar som melder seg på først, vil få prioritet ut frå ønskt undervisningstidspunkt.

Timeplan 1T 2020-2021
Eksamen

Elevar som er meldt opp til teoretisk matematikk 1T skal vere med i eksamenstrekket både når det gjeld skriftleg og munnleg eksamen i faget. Det er nettskulane, det vil seie Nettskolen i Nordland og Nettskolen Vestfold, som har ansvaret for å gjennomføre trekket. Dagens praksis for skriftleg eksamen er at han blir gjennomført på ein vidaregåande skule i fylket til elevane. Det er nettskulane som opprettar eit samarbeid med ein aktuell vidaregåande skule i nærleiken av skulen til eleven.


All informasjon vedrørande eksamen (for aktuelle elevar som blir trekt ut), vil komme frå nettskulen eleven er tilknytta, og dessutan den vidaregåande skulen der eksamen skal gjennomførast. Ungdomsskulen må sørge for at all nødvendig informasjon blir vidareformidla til elevar som blir trekt ut til eksamen. I tillegg er det fint om ungdomsskulen kan bistå med kontakt mellom elev, ungdomsskule og den vidaregåande skulen der eleven skal gjennomføre eksamen. Det kan til dømes gjelde praktiske ting som skyss, bruk av PC og liknande.
 

Det vil komme meir spesifikk og utfyllande informasjon rundt eksamensavvikling når det nærmar seg eksamensgjennomføring.

Kompetansebevis

Forskrift til Opplæringslova § 1-15 gir elevar med tilstrekkeleg kompetanse i grunnskulefaga ei moglegheit til å følgje eit eller fleire fag på vidaregåande nivå, slik som i tilbodet Forsering teoretisk matematikk 1T. Den same paragrafen seier òg at eleven skal ha både underveisvurdering og sluttvurdering i faget. Sluttvurderinga (standpunktkarakter og eventuell eksamenskarakter) blir dokumentert ved at det blir skrive ut eit kompetansebevis.


Det er den vidaregåande skulen, her ved tilbydarane Nettskolen Vestfold og Nettskolen i Nordland, som skriv ut kompetansebevisa. Kompetansebevis vil bli skrive ut til alle elevar som har fullført og bestådd matematikk 1T via Digilær, og kompetansebevisa blir sende til den enkelte elev per post.


Kompetansebeviset kan brukast for å dokumentere at matematikk 1T er bestådd, slik at du som elev kan søke til rektor ved aktuell vidaregåande skule om å få godkjent faget, jf. forskrift til Opplæringslova § 1-16 første ledd. Rektor skal då godkjenne faget, og du vil få moglegheit til å velje eit anna femtimers fag på Vg1 i staden for matematikk 1T - eksempelvis matematikk R1.

Vidare forsering

Viss eleven har fått standpunkt i teoretisk matematikk 1T kan vidare matematikkfag forserast. Mange vidaregåande skular tilbyr vidare forsering for elevar som er ferdige med 1T. Det finst òg nettskular som tilbyr vidare forsering. Eleven kan òg velje å ta faget på nytt til dømes for å forbetre karakteren.


For fleire opplysningar: Les Utdanningsdirektoratet si regelverkstolking.

Kan ein ta 1T fleire gonger?

Hovudregelen er at ein elev som har fullført og bestått opplæringa i eit fag, ikkje kan få elevstatus i faget på nytt. Nokre elevar har fullført og bestått opplæringa i eit fag eitt år, men er ikkje fornøgd med resultatet. Desse elevane kan ikkje søke om å vere elev på nytt igjen i faget hos Digilær.no.

Men det er eit unntak for elevar på ungdomstrinnet som har tatt fag frå vidaregåande opplæring. Desse elevane har høve til å ta faget på nytt som elev når dei blir ordinær elev i vidaregåande opplæring. Dei kan då ta eit val om faget skal takast på nytt eller om dei vil søke om få faget godkjent i tråd med forskrift til opplæringslova § 1-16 første ledd.

Påmelding steg for steg

Slik gjer du det for å melde ein elev opp til forsering matematikk 1T

Påmelding til skuleåret 2023-2024 opna 15.mars.

Erfaringar

I teoretisk matematikk 1T er vi opptatt av om kvaliteten på undervisninga er god, og at elevane som deltar får ei god og tilpassa opplæring. Det er gjennomført fleire evalueringar av prosjektet. Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har følgt prosjektet over lang tid og levert to rapportar. Du kan lese dei nedanfor. Vi har òg fleire eigne interne evalueringar.
 

Her ser vi at elevane gir høg score til leksjonane dei jobbar sjølvstendig med:

Image
Elever fornøyd 1T

 

 

 

 

 

 

 

 

Som du ser av diagrammet nedanfor er det store fleirtalet av elevane godt fornøgd med timane dei har med nettlærarane sine:

 

Image
Elever fornøyd 1T bilde 2

 

 

 
 
 
 
 
 
 
Evalueringsrapportar frå Nordisk institutt for innovasjon, forskning og utdanning

NIFU sin evalueringsrapport for skuleåret 2013-2014

NIFU sin evalueringsrapport for skuleåret 2016-2017

1T i media 

Det har stått mykje om DVM-1T i avisene i landet. I tillegg har prosjektet vore omtalt i NRK og på andre TV-stasjonar. Her kan du sjå og høyre litt om kva andre meiner om å forsere matematikkfaget. 


Felles for oppslaga er at elevane finn faget utfordrande, undervisninga fungerer godt og at dei har gode lærarar.

Digilær.no i media